mandag 13. desember 2010

Leselykke; inspirasjonsbok om barn og lesing


Bokklubben har for nokre år sidan (2008) gitt ut ei bok om barn og lesing. Målgruppa er foreldre med barn i alderen 0 - 8 år og målet er å oppdage kor kjekt det er å lese for barn og saman med barn. Leseforskarar skriv om leseutvikling på dei ulike aldersstega og fleire kjende personar skriv om lesing og om sine eigne favoritt bøker. Boka har både generelle tips og heilt konkrete titlar som høver for den einskilde aldersgruppa. I føreordet får vi ein presentasjon av bidragsytarane og ei innføring i korleis du kan bruke boka. Eit av tipsa er å lese kapittelet før og etter barnet sin alder, for ikkje alle følgjer den vanlege utviklinga, nokre ligg føre og andre treng litt meir
tid.


Ei anna bok som kom ut i 2003 og som handlar om omlag det same er:
Liv Engen si bok: Foreldrenes ABC. Hvordan oppmuntre barns leseglede og leselyst. Boka er gitt ut i serien For deg som vil lære mer, Damm forlag. Boka liknar ei Leseløve-bok, men er altså stila til den vaksne og har som mål å gje hjelp til den vaksne som har barn i skule-start alder. Boka er delt inn i seks kapittel og eit etterord, kvart kapittel tek føre seg ulike sider ved lesing og skriving og går ganske nøye inn på korleis den vaksne kan vere med på å gje barnet ei positiv oppleving av å skulle lære å lese og skrive. Eit av råda er å sjå på seg sjølv ikkje som trenar, men som leikekamerat i den språklege utviklinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar