torsdag 3. februar 2011

Kubbe lager museum

Kubbe er ein liten kubbe som bur langt inni skogen. Kvar tysdag har Kubbe turdag. Då finn han mykje fint som han tek med seg heim: kvist og kvast og ting som folk har mista. Når han kjem heim frå tur legg han alt det han har funne utover heile stovegolvet, så nyttar han bøker til å finne ut kva han har funne før han sorterer ting i esker og skuffer. Men ein dag er det ikkje plass i eskene og skuffene lenger, og Kubbe lurer på kva han skal gjere. Bestemor råder han til å lage museum, noko Kubbe gjer med liv og lyst. Og museet vert ein suksess, på opningsdagen er det kjempelang kø og Kubbe er frykteleg stolt. Han viser gjestene rundt i museet og fortel om alle tinga han har funne, og folk likar museet og historiane. Men ein dag oppdagar Kubbe at han er lei av å bu i eit museum og han saknar det gamle livet sitt. Så han bestemmer seg for å stenge museet. Men kva skal han då gjere med alle tinga? Han fotograferer alt og lager eit fint album der han skriv ned historiene sine. Deretter legg han tinga tilbake der dei høyrer heime.


Boka om Kubbe er illustrert av forfattaren, Åshild Kanstad Johnsen, som har lagt inn mange detaljar i bileta som det er kjekt for borna å finne. Kubbe er ein sjarmerande og uttrykksfull figur som mange born vil kjenne seg att i. Boka er fin å lese for born som likar å leite etter detaljar og for born som likar å samle med seg ting dei finn. Den kan og brukast til å introdusere borna for museumsverda, eller berre som ei kjekk kosebok. I tillegg til alt dette er skriften stor og god å lese, så for born som har knekt lesekoden er den ei kjekk lese-sjølv bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar