tirsdag 19. april 2011

Svein Nyhus: Sånt som er


Ei ny bok frå Svein Nyhus er alltid spennande. Denne gongen skriv han om Eli som ikkje har nokon å leike med. Ho har berre ein tom koffert! Men Eli kan rope, så ho roper på lyset som lager ei opning i mørkret slik at ho kan se, finne og leike og ikkje minst legge ting i kofferten. Ho roper på havet, fjellet, treet, dyret, røvaren, flamma og kvelden og alle har noko ho kan få og legge i kofferten. Så roper ikkje Eli meir, ho lyttar til kofferten og då kjem det ein annan som ho kan gjere noko saman med, i morgon kanskje?

Boka er bygd opp slik at venstresida på kvart oppslag viser Eli som roper og på høgresida ei rekke eksempel som utdjupar det ho leiter etter. Eit oppslag viser t.d. Eli som roper på lyset og presenterer slike ting som lyser: ei morgonsol, eit smil, eit blink, ein TV, lysa på ein bil, augo på ein katt i mørkret osb. Det er nesten som eit leksikon og det inviterer lesarane til å finne nye ord som kan passe inn. Her er det mykje å sjå på og snakke om. Ei bok til å lese fleire gonger.