torsdag 16. februar 2012

Opp og ned

Oliver Jeffers har skrive ei herleg bok om guten og pingvinen som er gode vener og gjer mykje kjekt saman. Men ein dag finn pingvinen ut at han har lyst til å fly - heilt aleine. Guten syner seg å vere ein god ven og hjelper pingvinen i utprøvinga, men ingenting nyttar - pingvinen klarar ikkje å fly. Men ein dag oppdagar pingvinen ein plakat der det står: "drømmer du om å fly? Er du kort og feit? Sirkus ravioli leter etter en NY LEVENDE KANONKULE". I pingvinens øyre høyrest dette fortreffeleg ut, og han spring avgarde med ein gong - utan å seie frå til guten. Guten leiter etter venen sin alle stader, men finn han ikkje, og han blir veldig bekymra. Neste dag er guten på nytt ute og leitar etter pingvinen, då han oppdagar ein plakat der det står: "Sensasjon. Levende kanonkule i kveld". Guten skjønar kva som har skjedd og skundar seg til sirkuset. Der kjem han akkurat i det pingvinen er klar til å bli skoten ut. Pingvinen på si side saknar guten og er ikkje lenger heil sikker på om han har lyst til å fly. Men han innser at det er for seint å trekkje seg. Vettskremt blir han skutt ut av kanonen og flyg høgt og fort mot ein ventande hard landing. Men heldigvis: Guten har funne pingvinen, og han står klar til å ta imot han når han landar. Og no vert alt som før. Guten og pingvinen er einige om at det er ein grunn til at vingene hans ikkje virkar: Pingvinar likar nemleg ikkje å fly! Dette er ei søt, morosam og spennande historie for førskuleborna om å ta vare på venene sine sjølv om dei kan gjere dumme ting av og til. Dei sarte akvarellbileta er sjarmerande, og er med på å utfylle teksten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar